Sterk fokus på eltryggleik
- Den siste tida har det vore sterk fokus på eltryggleik i media. På denne tida av året er belastninga i det elektriskeanlegget ditt høgst. Dette kan medføre fare for brann dersom anlegget ikkje er rett dimensjonert og i god nok stand. Sjå link: NRK Nett-TV
Er du uviss om ditt elektriske anlegg er godt nok dimensjonert, ta kontakt med elektroinstallatør.
Oversikt: Nelfo Installatørar
- Gjennom heile året er Etrygg sine tilsynsingeniørar på lovpålagde kontroll av elektriske installasjonar for nettselskapa:SFE Nett og Sunnfjord Energi.
Grunnlaget for denne kontrollen kan du lese om i vår innforsmasjonsbrosjyre som du skal ha mottatt i lag med siste faktura fra SFE og Sunnfjord Energi. (Dei som har eFaktura/Avtalegiro har ikkje mottatt den)
Om du ikkje har motteke denne kan du laste den ned her: Etrygg brosjyre
Gode Etrygg råd!
• Bruk aldri sterkare pære enn ei lampe er godkjend for
• Bruk berre godkjend utstyr
• Tørk ikkje tøy på elektriske omnar
• Hald gardiner borte frå elektriske omnar
• Legg ikkje skjøyteleidningar gjennom døropningar
• Unngå koplingsklyser
• Unngå lange skøyteleidningar
• Utfør ikkje arbeid som krev person med elektro fagkompetanse
• Slå alltid av elektriske apparat som ikkje er i bruk
• Er sikringar, brytarar, stikkontakter og/eller koplingsboksar unormalt varme, kan det tyde på
- overbelastning. Ta kontakt med elektro-entreprenør!
• Slå altid av TVen med av-/på-knappen
- Sjå også El-tryggleiktips
Bustadbrannar kan unngåast!
Ver forsiktig med levande lys og bruk ikkje brennbare lysdekorasjonar!
La ikkje juletrebelysninga stå på utan tilsyn, ta ut støpselet om natta!

